april 3, 2009

Noreg på tvers!

Laurdag 25. april er det tid for tur igjen! Målet med turen er ikkje mindre ambisiøst enn å sykla Noreg på tvers! Planen er å sykla frå Storlien i Sverige og inn til Trondheim i Noreg. På turen har me då vore innom Stjørdaln og dermed sykla Noreg på tvers!=D Turen frå Storlien til Stjørdaln er så og sei ein einaste lang nedoverbakke, så de treng ikkje vera redde for å bli med sama kor mykje de klager på sykkelkondisen dykkar.

Me tek toget frå Trondheim Sentralstasjon klokka 08:20 laurdag morgon (kostar ca 150kr), og reknar med å komma  tilbake til Trondheim ut på kvelden ein gong.

Gråkallbanen kjøper inn noko godis me kan nyta på vegen, men kan ikkje komma med ein meir spesifikk rett, då me må sjå kor mange som blir med.

Påmelding til Martin på tlf. 41567164 innen torsdag 22. april.

Publisert i: Tur |



Legg igjen en kommentar<

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.